Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Dagbladets mangeårige redaktør Arve Solstad døydde i heimen sin fredag, opplyser familien til NTB. Han blei 80 år gammal.
npk@npk.no
Publisert: 03.06.2016 kl 14:02
Solstad var sjefredaktør i Dagbladet frå 1973 til 1989 og politisk redaktør frå 1990 til 1995. Deretter fortsette han som skrivande medarbeidar i politisk avdeling fram til han gjekk av i 2002.
Solstad skreiv seg inn i pressehistoria på fleire måtar. Han stod i spissen for at Dagbladet frigjorde seg frå å vere eit partiforplikta venstreblad til å bli eit frittståande presseorgan.
Han leidde også overgangen til tabloidformat i 1983, etterfølgt av ein periode med kraftig auke i opplaget.
Solstad blei tildelt Narvesen-prisen for framifrå journalistikk i 1968 og Fritt Ords honnørpris i 2000. Han leidde Norsk Pressehistorisk Forening frå 1993 til 2003 og han var også ein periode leiar av Oslo Redaktørforening.
Solstad blei utnemnd til professor i journalistikk ved Universitetet i Oslo frå 1994. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.