Klargjør siden...

Aspaker: – Schengen-fall vil gi store konsekvensar

(NPK-NTB): Det vil få enorme konsekvensar om Schengen skulle bryte saman, åtvarar Noregs nye europaminister Elisabeth Aspaker.

Aspaker (H) var onsdag på hennar første Brussel-besøk som europaminister. Der meiner EU-leiarane nå at ein berre har to månader på seg på å redde Schengen-samarbeidet.

– Tenk på konsekvensane for både varer og personar som skal bevege seg rundt. Heile ideen med den indre marknaden står då på spel, seier Aspaker til norsk presse om følgjene av eit Schengen-samanbrot.

– Eg tenkjer med skrekk og gru på den laksetraileren som skal frå Midt-Noreg til Spania, kor mange landegrenser han skal måtte stoppe på, og forseinkingar det vil gi, seier den tidlegare fiskeriministeren.

Schengens yttergrenser i sør har smuldra, og Hellas blir møtt med stadig krassare truslar om suspendering frå Schengen om ikkje landet får kontroll.

Noreg er nå med på å skru opp presset. Justisminister Anders Anundsen (Frp) la måndag fram eit forslag på eit EU-møte om at land som ikkje klarer å vakte grensene og ikkje vil ta imot hjelp, skal kunne bli suspendert.

– Det vi har spelt inn frå norsk side, er at ein bør vurdere om det i visse situasjonar kan vere aktuelt å suspendere land som ikkje er i stand til å overhalde Schengen-forpliktingane sine, seier Aspaker.

– Eg trur heile Schengen-familien ser at situasjonen i Hellas er høgst utilfredsstillande. (©NPK)

Annonse