Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Reuters-TT): Eit FN-panel støttar Julian Assange etter å ha vurdert klaga frå WikiLeaks-grunnleggjaren om ulovleg fridomsrøving. Svensk påtalemakt avviser at uttalen har formell betydning for saka.
npk@npk.no
Publisert: 04.02.2016 kl 10:28
Sist oppdatert: 04.02.2016 kl 17:54
Assange har sidan 2012 søkt tilflukt i Ecuadors ambassade i London for å unngå utlevering til Sverige, der han er skulda for seksuelle overgrep. Assange avviser skuldingane, men er redd at svenske styresmakter kan utlevere han til USA, der han fryktar å bli straffeforfølgt for spionasje.
I fjor haust klaga Assange saka inn for FNs arbeidsgruppe for vilkårlege arrestasjonar (UNWGAD). FN-avgjerda skulle kome fredag, men torsdag melde BBC at arbeidsgruppa har konkludert i favør av Assange. Svensk UD stadfestar dette overfor nyheitsbyrået TT. Men svensk påtalemakt trekkjer inntil vidare på skuldrene.
– Aktoren som har ansvaret for saka, er på reise og kan derfor ikkje ta stilling til den siste utviklinga, skriv påtalemakta vidare.
FN-panelet har ingen formell innflytelse over britiske eller svenske styresmakter, og det britiske utanriksdepartement seier det framleis forpliktar seg til å utlevere Assange til Sverige.
Panelet, som består av juridiske ekspertar, har henta inn bevis frå Storbritannia og Sverige og har tidlegare avsagt fråsegner om arrestasjonar eller andre fridomstap er ulovlege.
– Dersom eg vinn fram, og det viser seg at desse statane har handla ulovleg, ventar eg å umiddelbart få tilbake passet mitt og at det ikkje blir gjort fleire forsøk på arrestere meg, seier Assange.
Politiet i London svarer at dei står klare til å arrestere Assange dersom han set sine bein på britisk jord og minner om at arrestordren mot han framleis er gjeldande.
– Dersom han forlèt ambassaden, kjem vi til å gjere vårt ytste for å arrestere han, seier ein talsmann for britisk politi torsdag.
Assange har tidlegare tilbode Sverige å avhøyre han inne på ambassaden.
Før han søkte tilflukt i ambassaden, hadde han sete i husarrest og i fengsel sidan 2010 basert på ein svensk arrestordre. Han slapp ut mot kausjon og har levd i skjul på ambassaden for å kome unna eit britisk vedtak om utlevering til Sverige. Ecuador innvilga han asyl i 2012, men han har ikkje kunna få fritt leide til å forlate ambassaden og reise frå Storbritannia til Ecuador. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.