Annonse
Annonse
Annonse

Asyloperatør meiner staten betalar for mykje

(NPK-NTB): Sjefen for den største private asyloperatøren i Noreg, Hero, meiner staten betalar for mykje for å innlosjere asylsøkjarar i mellombelse mottak.

Annonse

I snitt betalar staten 790 kroner døgnet for ein akuttplass, meir enn dobbelt så mykje som dei 355 kronene ein ordinær plass kostar, skriv Klassekampen. Berre i haust er det oppretta 5.288 mellombelse plassar, og Utlendingsdirektoratet (UDI) jobbar på spreng med å skaffe tak over hovudet til dei som kjem. Dermed er det blitt svært lukrativt å tilby nettopp mellombelse plassar.

– Det er enkelt å tilby mellombelse plassar, og det er høgare lønsemd enn ved å drive ordinære mottak. Vi fryktar at det er for dårlege insentiv til å opprette vanlege asylmottak med denne situasjonen, seier administrerande direktør Tor Brekke i Hero. Selskapet er den største private aktøren på denne marknaden og tilbyr både mellombelse og ordinære plassar.

Brekke meiner prisen på akutte plassar kunne vore lågare

– Vi ser for oss at vi kan klare å få prisane nedover no som vi vet meir om kva som skal til for å drifte dei mellombelse mottaka, seier Hero-sjefen og legg til at det beste tiltaket for å få ned kostnadane er rask busetjing. (©NPK)