Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Ein 31 år gammal asylsøkjar frå Syria er arrestert i Stockholm, mistenkt for krigslovbrot. Opplysningar på sosiale medium skal vere bakgrunn for siktinga.
npk@npk.no
Publisert: 24.02.2016 kl 19:38
Dei påståtte handlingane skal ha skjedd mellom mars 2012 og juli 2015, skriv Dagens Nyheter.
– Det dreier seg om grove brot på folkeretten eller grove krigslovbrot, seier Reena Devgun i påtalemakta.
Det er sikra bevis i form av bilete og informasjon som er spreidd via internett.
– Denne typen kriminalitet er vanlegvis svært vanskeleg å etterforske og er avhengig av at dei som veit noko fortel, seier Devgun.
31-åringen vart arrestert tidleg tysdag morgon i Stockholm, der han har opphalde seg ei stund. Det er venta at det vil bli fatta vedtak innan torsdag om mannen skal krevjast varetektsfengsla. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.