Asylsøkjarar forlèt Vestleiren

(NPK-NTB): Fleire asylsøkjarar har valt å reise frå Vestleiren i Kirkenes etter at politiet oppheva restriksjonane slik at dei kan ferdast fritt. Syriske Nawar Ibraheem (33) sette seg på flyet til Tromsø.

– Den lykkelegaste dagen i livet mitt var då eg kom til Noreg. I dag er den andre lykkelegaste dagen, seier Ibraheem til NTB på flyet på veg frå Kirkenes til Tromsø.

I helga blei asylsøkjarane i leiren arresterte og deretter lauslatne mot meldeplikt. Måndag opplyste Politiets utlendingseining (PU) at alle restriksjonane var fjerna.

– Under ti personar har fram til no valt å forlate leiren, opplyser mottaksleiar Kent Richard Witzøe i Hero til NTB onsdag. Dagen før var det 74 personar i Vestleiren, ifølge tal frå Utlendingsdirektoratet (UDI). (©NPK)