Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-Ritzau): For første gong har ei gruppe asylsøkjarar lukkast med å gå heile vegen frå Danmark til Sverige via Øresundsambandet.
npk@npk.no
Publisert: 27.05.2016 kl 08:56
Asylsøkjarane kryssa brua til fots 12. mai, opplyser svensk politi fredag. Først gjekk dei inn i tunnelen ved Kastrup, passerte Peberholm til brua, og kryssa Øresund utan å bli stoppa.
– Det var ei gruppe unge menn som alle er under 18 år gamle. Vi tok hand om dei og overlèt dei til Migrationsverket, slik at dei kunne søkja asyl, seier Ewa-Gun Westford, talsperson for svensk politi.
Det er ikkje første gongen at flyktningar har prøvd å koma seg til Sverige via Øresundsbrua, men dei har blitt stoppa på vegen, fortel ho. Så seint som torsdag denne veka prøvde ei anna gruppe migrantar å gjennomføra den farlege turen. (©NPK)