Klargjør siden...

Asylsøkjarar i Sverige får soppinformasjon

(NPK-NTB-TT): Sveriges giftinformasjonssentral skal levere brosjyrar til asylsøkjarar om soppar som kan vere giftige, etter at ei syrisk kvinne vart alvorleg forgifta av kvit flugesopp.

Brosjyrane skal blant anna delast ut i asylmottak, ifølgje svensk P4.

– Det er vanleg at dei som blir soppforgifta har utanlandsk bakgrunn. Det kan vere turistar, asylsøkjarar og innvandrarar som går ut i dei svenske skogane og trur dei kjenner att soppar som dei har god erfaring med frå heimlandet, seier overlege Erik Lindeman ved giftinformasjonssentralen.

Tilstanden til kvinna er livstruande. Også i Tyskland har det skjedd liknande tilfelle. I fjor vart det rapportert om over 50 tilfelle, dei fleste av dei med syriske flyktningar. (©NPK)

Annonse