Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-AFP): Meisterligafinalist Atlético Madrid fullførte måndag kjøpet av den konkursråka franske fotballklubben Lens.
npk@npk.no
Publisert: 23.05.2016 kl 20:18
Oppkjøpet av 2. divisjonsklubben blei gjort gjennom eit selskap registrert i Luxembourg.
– Vi håpar å bringe Atleticos ekspertise til Lens, sa Ignacio Aguillo, styremedlem i den spanske fotballstordomen, etter at handelen var gjort.
Atlético Madrid vil ha 35 prosent av aksjane i den franske klubben. Aguillo har på sin side aksjemajoriteten i det Luxembourg-registrerte selskapet Solferino som sit på dei andre 65 prosentane av aksjane.
Lens blei ligameistrar på øvste nivå i fransk fotball i 1998. Dei siste åra har klubben gjort seg mest merka i form økonomiske kontroversar.
Klubben rykka ned frå toppserien i 2011, men sikra seg opprykk igjen tre år seinare. Som følgje av budsjetproblem blei det likevel aldri noko gjensyn med Ligue 1.
Med nye eigarar i ryggen siktar klubben på ny mot opprykk. (©NPK)