Atomfusjon på Stortinget etter eksplosiv usemje

(NPK-NTB-Mats Rønning): Utanrikskomiteen har omsider filt seg fram til formuleringar som partia på Stortinget kan leve med i striden om atomvåpen.

– Det er no – som i den førre perioden – fleirtal på Stortinget for eit langsiktig forbod mot atomvåpen, seier leiaren i utanrikskomiteen, Anniken Huitfeldt (Ap), til NTB.

Arbeidarpartiet og Høgre stod lenge eit godt stykke frå kvarandre i spørsmålet om eit forbod mot atomvåpen – noko som er svært uvanleg i viktige utanrikspolitiske spørsmål.

– Vi har hele tida sagt at målet har vore eit langsiktig forbod mot atomvåpen basert på gjensidig nedrusting. Vi har aldri gått inn for einsidig nedrusting, seier Huitfeldt.

– Eit juridisk bindande rammeverk kan etter mi meining vanskeleg innebere noko anna enn eit forbod mot atomvåpen på lang sikt. No ventar eg at regjeringa sørgjer for fortgang i nedrustingsarbeidet, seier Huitfeldt.

Eit mindretal i utanrikskomiteen, Sp, SV og Venstre, vil i utgangspunktet gå enda lenger. Dei slår i sitt forslag fast at regjeringa skal arbeide for eit forbod mot atomvåpen. (©NPK)