Åtte Amanda-nominasjonar til Trier-film

(NPK-NTB): Joachim Triers «Louder Than Bombs» har fått heile åtte Amanda-nominasjonar, katastrofefilmen «Bølgen» seks. Begge er nominerte i klassen for beste norske kinofilm.

Nominert i denne klassen er også Margreth Olins «Mannen frå Snåsa». Det vart klart då Amanda-nominasjonane vart offentleggjort onsdag.

Atle Antonsen kan vinne sin første Amanda-statuett for hovudrolla i «Grand hotell». I same film er Vera Vitali nominert til Amanda for beste kvinnelege skodespelar. Ho må konkurrere med Bente Børsum i «Sensommer» og Liv Bernhoft Osa i «Pyromanen».

Atle Antonsen konkurrerer med det 18 år gamle amerikanske stjerneskotet Devin Druid som er nominert i klassen beste mannlege skodespelar for sin innsats i «Louder Than Bombs» og Anders Baasmo Christensen som er nominert for asylkomedien «Welcome to Norway».

Prisane blir delte ut under filmfestivalen i Haugesund 26. august. (©NPK)