Annonse

Åtte av ti les bøker

Åtte av ti nordmenn har lese ei bok eller lytta til ei lydbok det siste året. I snitt slukte boklesarar nesten 15 bøker på eitt år.

Det viser lesarundersøkinga som Bokhandlerforeningen og Forleggerforeningen presenterte på den internasjonale bokdagen tysdag.

Det er ein liten nedgang i andelen av befolkninga som har lese eller lytta til ei bok sidan den førre undersøkinga for tre år sidan. No svarer 81 prosent stadfestande, medan andelen i 2021 var 83 prosent.

Ein halv million er superlesarar

Halvparten av befolkninga (49 prosent) les minst éi bok i kvartalet. Og over ein halv million nordmenn er «superlesarar». Det vil seie at dei les minst 25 bøker i året.

Dei viktigaste årsakene folk oppgav til at dei las i fjor, var at dei hadde fått meir tid, og at det var fleire bøker dei hadde lyst til å lese.

For dei som svarte at dei ikkje hadde lese bøker i fjor, var dei viktigaste grunnane sidan den førre målinga at dei har fått mindre tid til å lese, auka mobilbruk, og at dei brukte meir tid på film og seriar.

Dei fleste vel papirbøker når dei skal lese. Totalt 75 prosent av alle bøker vi les, er på papir. 17 prosent er lydbokformat og 8 prosent er e-bøker.

Fleire vel strøyming

Samtidig blir strøyming meir populært, viser tala. Ein av tre seier at dei strøymer bøker – 33 prosent – opp frå 27 prosent for tre år sidan. Blant desse meiner halvparten at dei les/lyttar til fleire bøker enn før.

Lesarundersøkinga viser også at færre enn før les for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under ti år at dei las høgt for barna. I undersøkinga i år har det talet sokke til 75 prosent.

– Foreldrelesinga er avgjerande for barns ordtilfang og leseglede. No fell også desse tala. Dette er dramatisk, seier administrerande direktør Trine Skei Grande i Forleggjarforeininga.

Lesarundersøkinga er gjort av Norstat for Bokhandlarforeininga og Forleggjarforeininga. 2.061 respondentar har svart på undersøkinga, som vart gjennomført i februar i år.

(©NPK)

Åtte av ti nordmenn las ei bok i fjor, viser lesarundersøkinga som vart presentert i samband med den internasjonale bokdagen tysdag. Foto: Frank May / NTB / NPK