Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): 36 personar drukna her i landet gjennom dei fem første månadane i år. Det er like mange som i same periode i fjor.
npk@npk.no
Publisert: 02.06.2016 kl 14:56
– Byrjinga av mai var kald med lite badeaktivitet. Det har tatt seg opp, og no har vi tre månadar framfor oss med stor aktivitet på sjø og vatn. Vis respekt for vatnet, vêr og lokale forhold, seier Ivar Christiansen i Norsk Folkehjelp.
I mai omkom åtte menneske i drukningsulukker, alle var menn. Fire av ulukkene dreidde seg om fall i vatn eller elv, tre var typiske badeulykker, medan éin drukna etter å ha ramla ut av båten han var i.
Hittil i år har 36 personar drukna på landsbasis. Fylkesstatistikken viser at Hordaland toppar statistikken med seks drukna. (©NPK)
Dykkarbil frå Oslo brann- og redningsetat ved Nydalsdammen under ei øving. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix
Drukning skjer oftast heilt stille, og personen ser gjerne kontrollert ut. Lurer du på om nokon er i ferd med å druke, spør om det går bra. Får du ikkje svar, er det fare på ferde.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.