Klargjør siden...
Annonse

Åtvara mot lause boltar på helikopter i 2006

(NPK-NTB): Helikopterprodusenten Airbus meiner svikt i eit løftestag kan vere årsaka til styrten ved Turøy. Luftfartsstyresmaktene fekk vite om problem med stagane på helikoptertypen for ti år sidan.

13 personar omkom då helikopteret styrta 29. april i år. Ei mogleg årsak er svikt i stagane som knyter rotoren til skroget, noko produsenten av ulykkeshelikopteret, Airbus, meiner er mest sannsynleg.

Bergens Tidende skriv at tekniske undersøkingar av Super Puma-helikopter i 2006 viste at nokon av boltane som held fast stagane ikkje var festa så hardt som dei skulle. Seinare analysar viste at det var nødvendig å innføre rutinar for å sjekke alle fester på dei to nyaste Super Puma-modellane, som også inkluderer ulykkeshelikopteret.

Helikopterselskapet CHC Helicopters, som flaug ulykkeshelikopteret strekar under at dei har følgt opp krava om vedlikehald for stagane.

«Sertifiserte flymekanikarar utfører inspeksjonen, og eventuell etterstramming av boltane på innfestinga.», skriv pressekontakt Jan Tore Savic Knutsen i ein e-post til avisa.

Tysdag morgon sende Airbus ut ein pressemelding der dei presiserer at dei ikkje har konkludert når det gjeld ulykkesårsaka. (©NPK)

Annonse