Åtvarar mot overgrep i utlandet i ferien

(NPK-NTB): Regjeringa ber kommunar og fylkeskommunar om å vere merksame på unge som står i fare for å bli tvangsgifta, kjønnslemlesta eller utsett for andre overgrep under utanlandsopphald.

Før skuleferien startar sender regjeringa ut brev til kommunar og fylkeskommunar om å vere merksam på unge som er i faresona for overgrep i ferien. Regjeringa har i fleire år sendt ut denne typen brev før sommarferien.

– I brevet ber statsrådane om at kommunane er ekstra på vakt for å førebyggje at barn og unge blir sende ut av Noreg til opphavslandet til foreldra eller tredjeland, der føremålet med reisa er at barnet/ungdommen skal bli prøvd tvangsgifta eller etterlate i utlandet mot sin vilje, skriv regjeringa på sine nettsider. (©NPK)