AUF fekk fleire medlemmer

(NPK-NTB): Medlemstalet i Arbeidarpartiets ungdomsorganisasjon AUF voks til 14.136 i 2015.

Talet har auka frå 14.066 ved utgangen av 2014. AUF-leiar Mani Hussaini seier han gler seg over tala.

– Dette er eit tydeleg signal frå norsk ungdom om at regjeringa manglar ambisjonar for klimapolitikken, lir av handlingslamming i møte med den aukande arbeidsløysa og bidrar til større forskjellar mellom folk gjennom usosiale skattekutt, seier han. (©NPK)