Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Ordninga med elektrisk fotlenke bør vere hovudregel for straffedømte med dommar på under tre månader, meiner Arbeidarpartiets ungdomsorganisasjon (AUF).
npk@npk.no
Publisert: 14.07.2016 kl 20:31
– Dette vil bidra til færre tilbakefall og eit meir effektivt fengselssystem, seier AUF-leiar Mani Hussaini.
Ordninga er samfunnsøkonomisk lønnsam jamfør med soning i fengsel på lågare triggingsnivå, viste ein rapport frå Vista Analyse som kom tidlegare i år.
– Her har vi altså både moglegheit til å frigjere meir plass i fengsla, samtidig som at det samfunnsøkonomiske reknestykket går i pluss, seier Hussaini.
Fotlenke blei innført som prøveprosjekt i delar av landet i 2008, men er no ei landsdekkjande ordning. Ordninga blir brukt for personar som er dømt til fengsel på mindre enn fire månader, eller som har mindre enn fire månader igjen å sone av ei lengre fengselsstraff.
I rapporten frå Vista Analyse kom det også fram at soninga blir opplevd som ein streng og krevjande straffereaksjon, samtidig som den verkar positivt på tilbakefall på ny kriminalitet, og er ei god løysing for den domfelte sin nærmaste familie.
På bakgrunn av evalueringa ønskja justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp) å greie ut om gjennomføringstida skulle bli utvida og om fleire skulle få moglegheit til å sone på denne måten. (©NPK)