Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Oslos politikarar håpar at staten skal auke sin del av Fornebubanen frå 66 til 70 prosent. Det blir ikkje ein del av SVs forhandlingar om revidert budsjett.
vaktsjef@ntb.no/kjell.asmund.sunde@npk.no
Publisert: 19.05.2022 kl 15:37
– Vi får ikkje til dei 4 prosentane i eit revidert budsjett, seier finanspolitisk talsperson for SV Kari Elisabeth Kaski til Avisa Oslo.
SV prioriterer å få forlengt kompensasjonen for tapte billettinntekter under koronapandemien, og å gi mellomstore byar betre kollektivavtalar.
– Situasjonen er fortvilande. Regjeringa viser med sitt reviderte budsjett at dei ikkje vil prioritere kollektivprosjekt. Då blir ryddejobben vår større. Eg håpar Ap i Oslo vil synleggjere Oslos behov overfor eiga regjering, seier Kaski.
Ei formulering i Hurdalsplattforma seier at regjeringa vil tilby alle kommunar å dekkje 70 prosent av kostnadene ved store kollektivprosjekt, noko som har tent eit håp for politikarane i Oslo og Viken om auka statleg finansiering.
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) seier likevel at han i staden for å auke delen, gir Oslo og Viken større fridom i korleis dei kan disponere den noverande støtta på 66 prosent.
(©NPK)
SV får ikkje forhandla fram ei auka statleg støtte til Fornebubanen, seier finanspolitisk talsperson Kari Elisabeth Kaski. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB