Aukande tilliten til norsk økonomi

(NPK-NTB): Tilliten til norsk økonomi og arbeidsmarknaden er no på det høgste nivået sidan april i fjor, viser nye tal.

Forbrukartillitsindeksen (CCI) er på minus 3,6 poeng i mai, opp 0,8 poeng frå april, viser maimålinga til Opinion. Indeksen har vore negativ i 20 månader på rad, men ligg no 2,7 poeng over gjennomsnittet for 2015 og stig for andre månad på rad.

– Vi ser svakt styrkjande forventningar til både eigen økonomi og økonomien i landet om tolv månader. Størst framgang ser vi for forventningane til eigen økonomi, seier Henrik Høidahl, seniorrådgjevar i Opinion.

Det lågaste nivået for forbrukartilliten blei nådd i november og desember i fjor, etter ei negativ utvikling over fleire månader. Då var det også fleire som venta at eigen økonomi ville vera dårlegare om tolv månader.

– Tala for dei fem første månadene i år viser at desse forventningane framleis er relativt låge, men dei stig altså i mai, for andre månad på rad, og CCI er på det høgste nivået sitt sidan april 2015, seier Henrik Høidahl.

CCI er eit gjennomsnitt av forventingane til forbrukarane til eigen økonomi og til økonomien i landet, arbeidsløysa og høvet deira til å spara dei komande 12 månadene. (©NPK)

Annonse