Annonse

Aukande vilje hos toppklubbane til å stoppe Premier League-sesongen

Stadig fleire Premier League-sjefar ønsker å skrote sesongen og sjå mot den neste. Det er dårleg nytt for Liverpool-fansen.

Det er den anerkjende nettstaden The Athletic som melder dette. Fleire engelske aviser viser fredag til artikkelen.

Fleire anonyme kjelder uttaler seg til The Athletic. Den hittil siste PL-kampen vart spelt 9. mars.

3. april skal det haldast eit nytt leiarmøte for klubbane i den engelske eliteserien. All toppfotball på De britiske øyar er stoppa, hittil til 30. april.

– Det er ikkje plass for sport i den situasjonen verda er i no. Vi oppfører oss som sutrete barn. Eg meiner sterkt at vi gjer feil. Vi bør setje strek og starte på ny (til hausten), seier ei kjelde som blir kalla «sentral i Premier League».

– Det er openbert kva som vil skje. Det er ein pandemi i verda, seier ei anna kjelde.

Det heile kan bli avgjort gjennom røysting i april. Dersom 14 klubbar stemmer for å avbryte sesongen, vil det bli utfallet.

Sjuk statsminister

Liverpool leier Premier League heilt overlegent, men går glipp av det første ligagullet sitt på 30 år, dersom serien ikkje blir fullført.

I tillegg vil klubbane truleg miste over åtte milliardar kroner i TV-inntekter. Dette fordi avtalen med TV-selskapa krev at heile sesongen blir avvikla for at pengane skal betalast ut.

Andre, mellom anna nokre managerar, tek til orde for å fullføre sesongen. Det er lagt fram alternative idear om eit svært tett kampprogram, spel for tomme tribunar og Premier League-oppgjer til slutten av juni.

Fredag kom det fram at den britiske statsministeren Boris Johnson er koronasmitta.

(©NPK)

Liverpools manager Jürgen Klopp kan gå glipp av ligagullet. Foto: Alastair Grant, AP / NTB scanpix