Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Trine Lejon): Talet på dødsfall der narkotika var årsaka auka med 16 prosent frå 2013 til 2014. Flest døydde av heroin.
npk@npk.no
Publisert: 18.01.2016 kl 09:00
– Politiet og tollstellet sitt beslag av heroin i 2013 og 2014 viser at styrkegraden til stoffet har auka. Då er det ein større risiko å ta stoffet. Det ser ut til at dødsfalla følgjer styrkegraden, seier forskar Ellen Amundsen ved Folkehelseinstituttet til NTB.
Måndag publiserte Folkehelseinstituttet tala over dødsfall som er utløyste av rus for 2014.
– Det ser ut til at talet på sprøytebrukarar går nedover. Det har vore mykje merksemd rundt narkotikadødsfall dei siste åra. Det begynner å bli ein større innsats i kommunane for å hindre slike dødsfall, forklarer Amundsen.
Av dei 266 narkotikautløyste dødsfalla i 2014, kom 218 som følgje av overdosar. Flest døydde av heroin (34 prosent).
Av dei totale narkotikautløste dødsfalla i 2014 var 33 sjølvmord og 15 dødsfall grunna misbruk. Nest etter heroin døydde 25 prosent av morfin, kodein og andre halv-syntetiske opiat. 16 prosent døydde av metadon, og 12 prosent av syntetiske opioid som Subutex og petidin.
– Det er svært mange ulike grunnar til at ein person døyr av narkotika som kroppen ikkje toler. Det kan vere tilfeldig og utgjere store hopp i statistikken utan at det er ein stor grunn til det, strekar Anundsen under. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.