Klargjør siden...

Austerrike til nøkkelkamp mot Noreg – Nord-Irland ute av EM

Austerrike slo Nord-Irland 2–0 og har med det stadig moglegheit til å ta seg vidare til utslagsrundane i EM. I nøkkelkampen fredag ventar Noreg.

Austerrike må vinne over Noreg for å ha håp om avansement.

Tapar Noreg poeng for England seinare måndag vil kampen bli ein rein «finale» om kven som slår følgje med vertsnasjonen til utslagsrundane. England møter Nord-Irland og er storfavorittar. Dei er i tillegg føre Austerrike på innbyrdes oppgjer.

Skulle Noreg vinne er Austerrike uansett avhengig av siger, men då må dei vinne med nok mål i tillegg til at dei kan håpe på at England taper poeng mot Nord-Irland.

Sigeren over Nord-Irland kom ved hjelp av skåringar frå Katharina Schiechtl og Katharina Naschenweng. Austerrike dominerte til tider banespelet og lét ikkje Nord-Irland komme til nokon store sjansar. Julia Hickelsberger var svært aktiv for Austerrike i kampen og stod bak fleire gode målsjansar.

Med tapet er Nord-Irland ute av EM i år. Dei har både Noreg og Austerrike framfor seg på innbyrdes oppgjer og kan dermed ikkje bli blant dei to beste i gruppa.

Nordirane var på førehand sett på som det svakaste laget i gruppa og årets meisterskap er dessutan debuten til kvinnelandslaget i eit EM-sluttspel.

Leiing

Julia Hickelsberger var svært aktiv i kampen og stod bak fleire gode moglegheiter for Austerrike. Ho var involvert i Austerrikes leiarmål då ho vart felt utanfor 16-meteren til Nord-Irland.

Sarah Puntigam slo frisparket inn i feltet der Schiechtl fekk stå heilt åleine og forlengje ballen i mål frå kloss hald.

På tampen av omgangen hindra Nord-Irland-målvakt Jacqueline Burns eit nytt baklengsmål ved å slå ei avslutning frå Barbara Dunst i tverrliggjaren.

Kontrollert

Nord-Irland sleit med å setje Austerrike under press også etter pause. Austerrike heldt fram med å kontrollere kampen og skapte dei største moglegheitene.

På tampen fastsette Naschenweng resultatet med ei flott skåring. Igjen var Puntigam involvert med ein flott langpasning som Naschenweng dempa fint før ho sette fart mot målet. Ho overlista deretter Burns frå skrått hald.

Dermed kunne Austerrike juble for tre poeng og vidare håp om avansement.

(©NPK)

Austerrike jubla for siger over Nord-Irland i EM måndag. Foto: Kieran Cleeves / PA via AP / NTB

Annonse