Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Australia har ved hjelp av ein isbrytar greidd å hente ut ein sjuk forskar frå ein forskingsstasjon i Antarktis, over 300 mil frå australske Perth.
Publisert: 04.09.2023 kl 12:57
Forskaren blir no transportert med isbrytaren RSV Nuyina til Hobart på den australske øya Tasmania. Reisa er på fleire tusen kilometer, og det er først venta at isbrytaren vil vere framme i Hobart neste veke, opplyser Australian Antarctic Division (AAD) måndag.
Søndag greidde spesialskipet å ta seg gjennom isen og nå fram til ein stad som ligg 144 kilometer frå forskingsstasjonen Casey. Etter dette brukte to helikopter ein time på å nå fram til stasjonen.
Det er ukjent kva forskaren lid av, men ifølgje AAD treng vedkommande hjelp frå spesialistar.
Isbrytaren har vore ute av drift i fleire månader på grunn av reparasjonar. Den forlét Hobart i slutten av august.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.