Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Statsadvokaten i New Mexico er venta å ta ut sikting mot skodespelaren Alec Baldwin for aktlaust drap på ein filmfotograf, skriv avisa Wall Street Journal.
Publisert: 19.01.2023 kl 17:25
Siktinga blir kunngjord i løpet av torsdagen, seier ei kjelde med kjennskap til saka til avisa.
Kamerasjef Halyna Hutchins døydde etter å ha vorte treft av ei kule då skodespelar Alec Baldwin fyrte av eit rekvisittvåpen under innspelinga av westernfilmen «Rust» utanfor Santa Fe i New Mexico i oktober 2021.
Etterforskinga av saka er no ferdig. Også Hannah Gutierrez Reed, som var filmproduksjonens våpenansvarlege, blir venteleg sikta for aktlaust drap, skriv Wall Street Journal.
Baldwin har tidlegare sagt at den tragiske hendinga ikkje var hans skuld og at han fyrte av det han trudde var eit uladt våpen, ein rekvisitt.
I fjor haust inngjekk Baldwin forlik med familien til Hutchins.
Skodespelar Alec Baldwin. Foto: AP / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.