Klargjør siden...

Avis: Graham Hansens Barcelona set overgangsrekord

Keira Walsh er klar for Barcelonas kvinnelag og blir ifølgje Sky Sports og den spanske avisa Sport den dyraste kvinnelege fotballspelaren i historia.

Barcelona stadfestar overgangen på Twitter-kontoen sin med eit bilete av Walsh i Barcelona-drakt.

Sport melder at overgangen kostar Barcelona 400.000 pund. Det svarer til 4,6 millionar norske kroner. Den gamle overgangsrekorden var på 2,9 millionar kroner, frå då Chelsea signerte Pernille Harder frå Wolfsburg i 2020.

Walsh kjem frå Manchester City, der ho har spelt heile den profesjonelle karrieren sin. Midtbanespelaren debuterte for City i 2014.

Då England vann EM-gull i sommar, vart ho kåra til banens beste i finalen mot Tyskland. Walsh var også med på å slå Noreg 8–0 i gruppespelet. Ho har ei sentral midtbanerolle i landslaget.

I Barcelona blir Walsh lagvenninne med Caroline Graham Hansen og Ingrid Syrstad Engen. Den katalanske storklubben har vunne serien dei siste tre åra og vann Meisterligaen i 2021. Førre sesong vart det finaletap mot Lyon.

(©NPK)

Keira Walsh (til v.) er klar for Barcelona. Her fotografert under EM-kampen mot og Norge i Brighton saman med Guro Reiten. Foto: Terje Pedersen / NTB

Annonse