Annonse

The Athletic: Haaland har takka ja til Manchester City

Erling Braut Haaland har bestemt seg for å bli Manchester City-spiss, hevdar The Athletic. City-manager Pep Guardiola vil ikkje kommentere rykta.

The Athletic skriv at Haaland har gitt City beskjed om at han ønskjer å signere for klubben og at dei har vorte samde om «innleiande personlege betingelser».

Det samsvarer med det Daily Mail erfarte måndag kveld. Den britiske avisa hevdar å ha eksklusive opplysningar om at Haaland blir Premier Leagues best betalte spelar neste sesong. Han er etter seiande tilboden ei vekelønn på 500.000 pund for å ikle seg den lyseblå City-drakta, ein sum som svarer til 5,75 millionar kroner etter dagens kurs.

Daily Mails opplysningar vart naturlegvis tema på Guardiolas pressekonferanse framfor Premier League-kampen mot Brighton.

– Eg har ikkje noko svar på spørsmålet ditt. Eg har andre ting å tenkje på enn det som skal skje neste sesong, sa City-sjefen.

Nær signering

Ifølgje Daily Mail kan Haaland komme til å skrive under for City allereie neste veke. Det skal dreie seg om ein femårsavtale.

– I mange år no har eg ikkje tenkt på overgangsvindauget (undervegs i sesongen), særleg ikkje når vi har utrulege ting å spele for, sa Guardiola, som også fekk spørsmål om han ikkje treng ein spiss.

– Vi speler utan spiss. Eg veit ikkje kva som skjer i framtida.

Det er vide kjent at Haaland har ein utkjøpsklausul i kontrakten med Borussia Dortmund, og han ligg etter seiande på 75 millionar euro, cirka halvparten av hans estimerte marknadsverdi.

TV 2 avviser rapportane

Ifølgje TV 2 har Haaland endå ikkje bestemt seg for kvar han vil spele neste sesong. Kanalen skriv at diskusjonar og forhandlingar går framleis føre seg, men sjølv om Haaland kan ende opp i City, er ingenting klart endå.

City og Real Madrid har lenge vore rekna som favorittane til å hente nordmannen. TV 2 erfarer at dei spanske storklubben framleis er aktuell.

Tidlegare har den tyske storavisa Bild omtalt City-koplinga og skrive at kjeldene deira i Dortmund trur at Haaland vel Premier League-klubben.

Far til den norske spissen, Alf-Inge Haaland signerte for Manchester City i år 2000, like etter at sonen Erling vart fødd. Pappa Haaland spelte for dei lyseblå fram til 2003.

(©NPK)

Erling Braut Haaland er blant dei mest ettertrakta spelarane i verda. Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Annonse