Klargjør siden...
Annonse

Bakmenn brukar Nav-leilegheiter som bordell

(NPK-NTB): Bakmenn i prostitusjonsmiljøet misbrukar ordninga som skal hjelpe offer for menneskehandel, og brukar Nav-finansierte leilegheiter i Oslo som bordell, opplyser politiet.

– Vi har fått opplyst frå styresmaktene i Sør-Europa at det er klare indikasjonar på at bakmenn instruerer offera for menneskehandel om å søke asyl eller på refleksjon – for å få lovleg opphald i landet, fortsette verksemda og sende pengar til bakmannsapparatet, seier Thor Martin Elton, leiar for menneskehandelsgruppa i Oslo-politiet, til NRK.

Den såkalla refleksjonsordninga gir antatte offer for menneskehandel midlertidig opphaldsløyve for seks månader, gratis leilegheit og over 6.000 kroner i månaden i Oslo. Men i mange tilfelle fortset i staden prostitusjonen i dei Nav-finansierte leilegheitene.

– Vi kan ikkje ha ei ordning der offentlege styresmakter i realiteten driv med bordellverksemd, seier Mildrid Mikkelsen, leiar for det såkalla Rosa-prosjektet, til NRK.

Mikkelsen seier menneskehandlarane sender unge nigerianske kvinner til Noreg og instruerer dei til å søke om «refleksjon» via oppgitte advokatar og bustad gjennom Nav Grünerløkka.

Ho meiner refleksjonsordninga gjer det enkelt å drive prostitusjon frå leilegheitene, og synest ordninga i praksis er meir tilrettelagt for bakmenn enn eit tiltak som hjelper kvinner ut av prostitusjon og menneskehandel.

Justisdepartementet skal no gjennomgå heile ordninga. (©NPK)

Annonse