Klargjør siden...

Ban Ki-moon ber OL-elden

(NPK-NTB-AP): FN-topp Ban Ki-moon skal bere OL-fakkelen under opningsseremonien for sommarleikane i Rio de Janeiro.

Det opplyser FN-talsmann Stephen Dujarric. Ban flyg til Brasil onsdag kveld og vil fredag delta i stafetten som endar med at OL-elden i Rio blir tent.

FNs generalsekretær skal også besøkje OL-landsbyen der utøvarane bur og møte fleire av dei som skal delta i leikane.

Ban bar også OL-fakkelen i samband med London-OL i 2012 og Sotsji-OL i 2014. (©NPK)

Annonse