Bane Nor: Krevjande oppryddingsjobb etter ras på Bergensbanen

Bane Nor håpar å starte oppryddingsarbeidet etter raset på Bergensbanen fredag.

– Det er framleis usikkert når arbeidet kan starte opp, då rasstaden først må sikrast av ein geolog, men vi håpar på å kunne starte fredag ettermiddag, skriv Bane Nor i ei pressemelding.

Raset natt til fredag hadde ei breidd på 15 til 20 meter, gjekk ved Klevavatnet mellom Hallingskeid og Myrdal. Raset trefte snøoverbygget Store Kleven og delar av overbygget er no fylt med om lag 600 kubikkmeter snø.

Ettermiddagsekspressen frå Oslo S til Bergen vart torsdag ståande vêrfast på Myrdal fram til fredag morgon med rundt 180 passasjerar om bord.

Planen er å rydde unna snøen med hjullastarar frå begge sider, men uvêret forseinkar ryddearbeidet og ifølgje Bane Nor vil det ta tid å rydde strekninga. Det er framleis usikkert når strekninga kan opnast igjen for ordinær trafikk.

(©NPK)