Bane Nor vurderer ytterlegare skredsikring av Bergensbanen

Bane Nor vurderer no å skredsikre delar av jernbanenettet som det tidlegare ikkje har vore behov for å sikre.

På berre éi veke har tre snøskred ramma togtrafikken.

Natt til søndag måtte 115 togpassasjerar overnatte i eit tog som køyrde rett inn i snømassane etter eit snøskred ved Upsete stasjon på Bergensbanen.

Administrasjonsvakt Karl Morten Undal i Bane Nor seier til NRK at skredsikring av området no er til vurdering.

(©NPK)

Natt til søndag måtte 115 togpassasjerar overnatte i eit tog som køyrde inn i snømassane ved Upsete stasjon på Bergensbanen. No vurderer Bane Nor å sikre området mot snøskred. Foto: Spordrift / handout / NTB scanpix / NPK