Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-AFP): Greske bankar stupte over 20 prosent på børsen i Aten måndag.
npk@npk.no
Publisert: 08.02.2016 kl 15:36
Finansindeksen FTSEB hadde falle om lag ein femdel midt på dagen, og bidrog til eit breiare børsfall på 7 prosent.
Kollapsen i bankaksjane kjem i tillegg til ein enda kraftigare nedgang i førre veke. Då fall bankindeksen til saman 24 prosent.
Bankane hadde stige litt på børsen sidan ei rekapitalisering i desember, eit halvår etter at dei nesten gjekk over ende under konflikten mellom den greske regjeringa og kreditorane til landet.
Framleis er det strid mellom regjeringa og kreditorane i EU og Det internasjonale pengefondet (IMF) om ei planlagt pensjonsreform. Representantar for långjevarane besøkte Aten i førre veke for å vurdere korleis landet held låneforpliktingane sine.
Titusen av menneske deltok i ein demonstrasjon mot pensjonsreforma i Aten torsdag. (©NPK)