Barbie får ny fasong

(NPK-NTB-AFP-Reuters): Den mest berømte dokka i verda, Barbie, kjem i nye variantar. Det elska og utskjelte leiketøyet blir no å finne både i ei lita og nett, ei høg og ei meir formfull utgåve.

Leiketøysgiganten Mattel meiner dei nye variantane passar betre inn i ei verd i endring. Det er 57 år sidan dokka med stor byste og usannsynleg smalt liv kom på marknaden.

Trass i ein del endringar gjennom åra har kritikken frå foreldre og feministar vart ved. Kritikarane meiner dokka gir jenter eit urealistisk og usunt bilete av korleis kroppen skal sjå ut.

Salskurven har peika nedover dei siste tre åra. I første halvdelen av 2015 var nedgangen på 16 prosent.

Den originale dokka, som framleis er i sal, er blåøygd og blond. Dei nye dokkene kjem med 7 hudfargar, 22 augefargar og 24 slags hår.

– Vi meiner vi har eit ansvar overfor jenter og foreldre for å spegle eit breiare syn på skjønnheit, seier Evelyn Mazzocco, som er sjef for Barbie-produkta hos Mattel.

Det amerikanske nyheitsmagasinet Time sette torsdag biletet av den nye, formfulle dokka på førstesida med tittelen «Kan vi slutte å snakke om kroppen min no?» (©NPK)

Annonse