Annonse

Barcelona roar etter Engens hovudsmell

Ingrid Syrstad Engen pådrog seg ein stygg hovudsmell på tampen av Barcelonas møte med Montpellier tysdag. Etterpå roa klubben bekymra fans.

Engen starta treningskampen på Barcelonas reservebenk, men vart sendt på banen etter 53 minutt. I siste speleminutt var den norske landslagsprofilen involvert i ein lei situasjon.

Den norske midtbanespelaren skalla med ein motspelar og vart liggjande nede. Ho fekk tilsyn av Barcelonas medisinske støtteapparat etter hovudsmellen og kunne etter kvart forlate banen for eiga maskin.

Episoden skapte likevel bekymring.

Nokre timar etter kampslutt opplyste Barcelona på Twitter-kontoen sin at alle undersøkingar av Engen etter kampslutt var positive. Alt tyder dermed på at trønderen kom frå situasjonen utan alvorlege skadar.

Barcelona vann kampen 6-0.

(©NPK)

Ingrid Syrstad Engen fekk ein tøff smell i hovudet tysdag. Foto: Terje Pedersen / NTB