Barn døydde etter salmonella-utbrot på sjukehus

(NPK-NTB): Eit barn døydde fredag som følgje av salmonellasmitte på St. Olavs hospital i Trondheim, skriv Dagbladet.

– Dette er ei svært trist hending, og vi har sett i verk interne prosedyrar for å finne smittekjelda så raskt som mogleg, seier fagdirektør Runa Heimstad ved St. Olavs hospital, i ei pressemelding.

Førebels er det ikkje klart om smittekjelda finst på sjukehuset eller om ho kjem utanfrå.

Analysar ved Avdeling for mikrobiologi viser at barnet hadde salmonella, og det er grunn til å tru at dødsårsaka er blodforgifting.

Sjukehuset har sett i verk fleire tiltak for å finne smittekjelda og for å unngå vidare smitte.

– Det betyr blant anna prøvetaking og nedvasking i samsvar med prosedyrar frå smittevern, opplyser Heimstad.

Dødsfallet og hendinga er meldt til Helsetilsynet.

St. Olavs hospital vil truleg ikkje ha ytterlegare opplysningar om saka før tidlegast måndag. (©NPK)

Annonse