Klargjør siden...

Barn i Noreg kan få tilbod om fedmeoperasjon

(NPK-NTB): Stadig fleire barn og unge blir overvektige. No kan fedmeoperasjon for denne gruppa bli eit permanent tilbod frå det norske helsevesenet.

Til saman 29 barn mellom 15 og 18 år er sidan 2010 fedmeopererte som ein del av forskingsprosjektet 4XL ved Senter for sjukleg overvekt i Vestfold. No kan ordninga bli eit permanent tilbod til barn med sjukleg overvekt, melder P4.

– For nokre ungdommar er fedme blitt eit så alvorleg problem som fører til diabetes og høgt blodtrykk, at ein ikkje kan hjelpe dei på annan måte, seier Shamira Lekhal, seksjonsoverlege for barn og unge ved Senter for sjukleg overvekt ved Sjukehuset i Vestfold.

Det er langt frå ukomplisert å gjennomføre ein slik operasjon på barn og unge vaksne, og over halvparten av dei som har søkt har fått avslag.

– Vi har fått inn 80 søknadar, nokre barn er heilt ned i 13-årsalderen. Men over 50 av desse har fått avslag fordi dei ikkje er godt nok rusta psykisk til å gjennomgå ein operasjon, seier Lekhal.

– Risikoen for sjølvmord og rusmisbruk aukar noko. Der det er kjent psykisk sjukdom før operasjon er også ungdom litt meir utsette for å ikkje handtere operasjon enn vaksne, forklarar overlegen. (©NPK)

Annonse