Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Ein mannleg barnehagetilsett i Bergen er sikta for overgrep mot eit barn i barnehagen.
npk@npk.no
Publisert: 05.02.2016 kl 07:22
– Mistanken går på overgrep, men vi veit ikkje omfanget, seier Svein Føllesdal, etterforskningsleiar ved Bergen vest politistasjon til Bergens Tidende.
Etter det avisa kjenner til er mistanken retta mot at overgrep skjedde mot eitt barn. Det skal vere gjort legeundersøkingar av barnet etter at foreldra varsla om mistanke om at noko var skjedd.
Saka vart meld i fjor sommar, og den tilsette vart deretter suspendert og oppsagt. Ifølge forsvararen meiner mannen at oppseiinga er usakleg.
– Han forsikrar si uskuld og har samarbeidd med politiet frå første dag, seier advokat Steinar Moritz Andersen, som forsvarar mannen. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.