Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Anniken Celine Berger): Det må bli eit krav at kvinner som deltek i såkalla legemiddelassistert behandling, må bruke prevensjon, meiner barneombod Anne Lindboe.
npk@npk.no
Publisert: 09.02.2016 kl 14:30
Sist oppdatert: 09.02.2016 kl 17:39
Barneombodet, Norsk barnelegeforening og Den norske jordmorforening var blant dei som la fram synet sitt på graviditet og legemiddelassistert behandling (LAR) i Stortinget tysdag.
Dei vil alle at det skal bli eit krav at kvinner som deltek i behandlinga, må bruke langtidsverkande prevensjon.
– Etter å ha vore til stades på høyringa, og høyrt så mange stemmer skildre risikoen vi utset barna for, er eg heilt krystallklar på at omsynet til barna må vege tyngst i denne saka, seier barneombod Anne Lindboe til NTB.
– Alle barn har krav på ein optimal start på livet, og sleppe å bli fødde med abstinensar og seinskadar på hjernen, seier Lindboe vidare.
LAR-pasientar får delt ut eit opioid, til dømes metadon, som erstatning for heroin. Barn av rusavhengige risikerer å bli fødde med sterke abstinensar, som kan kome til uttrykk ved risting, sterke smerter og høgfrekvente skrik.
– Ut ifrå det beste for barnet er vi villige til å sjå på om det skal vere eit krav. Men vi meiner at typen prevensjon som skal brukast, må vere opp til legen og pasienten sjølv, seier Bollestad til NTB.
Stortingsrepresentant og medlem av helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Ketil Kjenseth (V), seier at partiet ikkje ønskjer eit slikt krav. Venstre ønskjer likevel at kvinnene i behandling får tilbod om gratis langtidsverkande prevensjon.
– Medan Helsedirektoratet aksepterer at kvinner blir gravide medan dei går i LAR-behandling, meiner Barneombodet og andre at vi veit for mykje om konsekvensane til å godta det. Det er fullstendig kaos i kunnskapsgrunnlaget, seier Kjenseth, og legg til at Venstre ønskjer ei uavhengig gransking av kunnskapen.
Stortinget må kome med si innstilling innan 12. april. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.