Klargjør siden...
Annonse

Barneskuleelev innlagd på Stavanger universitetssjukehus med hjernehinnebetennelse

Ein barneskuleelev frå Strand kommune vart torsdag innlagd på Stavanger universitetssjukehus (SUS) med hjernehinnebetennelse.

Det skriv Stavanger Aftenblad.

Nærkontaktar av barnet har fått førebyggjande behandling med antibiotikum, opplyser kommuneoverlege Rosie Lund.

Lokalbefolkninga bør vere merksam på nye symptom på smitte, mellom anna feber, rask forverring av allmenntilstand, hovudverk, brekkingar eller stiv nakke.

– Det er forståeleg at mange blir engstelege når slik sjukdom oppstår, men det er viktig å presisere at det er svært sjeldan at eit enkelt tilfelle blir til eit utbrot, og at kommuneoverlegen følgjer med på situasjon og er klar til å setje i gang dei rette tiltaka, seier Lund.

(©NPK)

Ein barneskuleelev frå Strand er lagd inn på Stavanger universitetssjukehus med hjernehinnebetennelse. Foto: Carina Johansen / NTB

Annonse