Klargjør siden...

Barth Eide seier mykje taler for Rutte som ny Nato-sjef

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) seier Noreg har eit godt inntrykk av Mark Rutte, som blir nemnt som kandidat til å ta over Nato-jobben etter Jens Stoltenberg.

– Det er veldig mykje Rutte ein snakkar om no. Det er mykje som taler for han, seier Eide til VG dagen før Natos utanriksministermøte går av stabelen i Brussel tysdag.

Han stadfestar dermed at mykje av diskusjonen om kven som skal bli Stoltenbergs etterfølgjar, no krinsar rundt Rutte, som for tida er statsminister i Nederland.

Stoltenberg har sjølv sagt tydeleg frå at han går av som Nato-sjef innan 1. oktober neste år.

– Vi har eit veldig godt forhold til både Nederland og Mark Rutte, og eit godt inntrykk av han. Men viss eg seier litt meir, kan det høyrest ut som om vi har valt han, seier Eide.

– Han er ein vi kjenner veldig godt. Han har vore veldig mange år i Nederlandsk politikk og tenkjer likt som oss i mange spørsmål, legg han til.

(©NPK)

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) seier Noreg har eit godt inntrykk av Mark Rutte. Den nederlandske statsministeren er utpeika som ein av toppkandidatane for jobben som Nato-sjef etter Jens Stoltenberg. Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Mark Rutte blir peika på som favoritt til å ta over jobben som generalsekretær i forsvarsalliansen Nato når Jens Stoltenberg går av. Foto: Vincent Thian / AP / NTB

Annonse