Klargjør siden...
Annonse

BBC: Chelsea opnar for at midtbanestjerne får avslutte sesongen

Chelsea-spelar N'Golo Kante nektar å trene med laget som følgje av virusfrykt. Klubben skal vere open for at franskmannen ikkje speler meir denne sesongen.

Ifølgje den britiske allmennkringkastaren BBC returnerte Kanté til trening tysdag denne veka, men sidan har han gått tilbake til å trene på heimebane.

Franskmannen skal ha støtta til klubben i den avgjerda. 29-åringen skapte bekymring blant lagkameratane sine då han svima av etter ei trening i 2018, og same år døydde Kantés bror av hjarteinfarkt.

Britiske helsestyresmakter har òg konkludert med at farga menn og kvinner har dobbelt så stor risiko for å døy av koronaviruset som kvite i England og Wales.

Ifølgje BBC veit ikkje Chelsea-leiinga når midtbanestjerna kan komme til å ta opp att treningar med lagkameratane. Klubben skal likevel vere innstilt på å gi 29-åringen den tida han treng.

Dermed kan det tenkjast at Kanté ikkje speler fleire kampar denne sesongen, sjølv om Premier League-sesongen skulle bli teke opp att.

(©NPK)

Chelseas Ngolo Kanté vil ikkje trene med lagkameratane. Foto: Rui Vieira / AP / NTB scanpix