Skodespelaren Robbie Coltrane er død

Den skotske skodespelaren Robbie Coltrane, kjend for rolla som Gygrid i «Harry Potter»-filmane, er død, melder BBC. Han vart 72 år gammal.

Coltrane var også komikar og skribent, og han vart verdskjend gjennom dei populære «Harry Potter»-filmane som kom mellom 2001 og 2011.

Coltrane spelte rolla som Gygrid – Rubeus Hagrid på originalspråket – i J. K. Rowlings univers. Som skogvaktar og lærar på Galtvort vart han raskt venn med Harry Potter.

Den skotske stjerna heitte eigentleg Anthony Robert McMillan. Han var også kjend frå rolla som kriminalpsykologen Eddie «Fitz» Fitzgerald i krimdramaet «Cracker» på ITV.

For tolkinga vann Coltrane Bafta TV-prisen for beste skodespelar heile tre år på rad mellom 1994 og 1996.

Belinda Wright, Coltranes agent gjennom 40 år, fortel at skodespelaren døydde fredag.

– Robbie var eit unikt talent, seier ho og takkar sjukehuset i Larbert i Skottland for omsorga deira.

– Han vil truleg bli best hugsa i mange tiår framover som Gygrid. Ei rolle som bringa glede til barn og vaksne over heile verda og førte til ein straum av fanbrev kvar einaste veke i over 20 år, seier Wright.

– James Bond-fans skreiv også for å rose rolla hans i «GoldenEye» og «The World Is Not Enough», legg agenten til.

Coltrane spelte KGB-mannen Valentin Zukovskij i dei to James Bond-filmane.

Robbie Coltrane på Trafalgar Square i London, der det var verdspremiere på «Harry Potter and The Deathly Hallows: Part 2,» den siste filmen i serien, 7. juli 2011. Foto: Jonathan Short / AP / NTB

Daniel Radcliffe (til venstre) som spelte Harry Potter, saman med Robbie Coltrane på premieren av «Harry Potter and the Sorcerer's Stone» i New York i 2001. Foto: Darla Khazei / AP / NTB

Skodespelar Robbie Coltrane då han deltok på motevisninga «Dressed To Kilt» i New York i april 2011. Foto: Evan Agostini / AP / NTB

Annonse