Annonse

BBC: Trur det låg ei bombe i lasterommet på flyet

(NPK-NTB): Britisk etterretning trur at det var ei bombe i lasterommet som var årsaka til flystyrten på Sinaihalvøya, melder BBC.

224 menneske mista livet i flystyrten, som ei militant islamistgruppe hevdar å ha stått bak.

Britiske styresmakter stoppa alle flygingar til og frå Sharm el-Sheikh, etter å ha fått etterretningsinformasjon basert på avlytting av kommunikasjon mellom militante islamistar på Sinaihalvøya, melder BBC.

Britisk etterretning trur at nokon med tilgang til lasterommet på flyet, plasserte ei bombe der rett før flyet tok av for St. Petersburg i Russland.

USAs president Barack Obama meiner også at det «er ei moglegheit for at» flystyrten i Egypt vart forårsaka av ei bombe.

Men verken USA eller Storbritannia deltek i etterforskinga etter flystyrten. Den blir leidd av Egypt og Russland, som begge har åtvara mot å spekulere og nektar for at det er funne bevis for ein terroraksjon. (©NPK)

Annonse