Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Gamle Hop bedehus i Bergen stengde dørene i 1975. Etter over 40 år skal det igjen brukast som gudshus, denne gongen for Allah.
npk@npk.no
Publisert: 28.06.2016 kl 08:13
– Vi kunne knapt kjøpt ein betre bygning, seier styreleiar Adem Guven i Bergen muslimske foreining til Bergens Tidende.
Den nye moskeen i Nesttunvegen vart kjøpt for 4,2 millionar kroner og skal pussast opp på dugnad. Det skal lagast rom for koranundervisning og leksehjelp. Kvinnene skal gå inn hovuddøra, mens det er planlagt at mennene vil bruke det som i dag er garasjeporten som inngang. Det heile er planlagt å opne i 2017.
– At eit hus som vart reist for eit kristent føremål skal brukast til ein annan religion, skjer meg i hjartet. Men livet går vidare. Eit bygg er eit bygg, seier generalsekretær Erik Furnes i Indremisjonsforbundet. (©NPK)