Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Ei undersøking utført av Det norske handelskammerforbundet (DNH) viser at sju av ti bedrifter ønskjer tilskotsordning før lønnsutgifter.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/anne.sigrid.timberlid.hundere@npk.no
Publisert: 22.05.2020 kl 19:57
Ei lønnstilskotsordning kan redusere behovet for å permittere tilsette. Undersøkinga er utført blant 2.200 bedrifter over heile Noreg, melder NRK.
– For veldig mange vil det vere dyrare å ta folk tilbake frå permisjon og i arbeid enn å halde bedrifta stengt, seier styreleiar i DNH og administrerande direktør i Bergen Næringsråd Mari Warncke til kanalen.
Næringsminister Iselin Nybø (V) stadfestar at ordninga kan vere ei moglegheit.
– Det er jo ein del av tiltaka som vi no sit og vurderer, seier ho.
(©NPK)
Næringsminister Iselin Nybø (V) seier ei lønnstilskotsordning for næringslivet kan bli ein realitet. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix