Annonse

Bekymring på Stortinget for pensjonstaperne

Tiltak må til for dei som vil tapa på omlegginga til ny offentleg tenestepensjon, meiner SV og Sp.

Etter at Akademikerne, som siste samanslutning i offentleg sektor, sa ja til ein ny avtale om offentleg tenestepensjon sist veke, er det opp til Stortinget å vedta avtalen endeleg.

Motstandarar av den nye pensjonsavtalen for dei rundt 800.000 tilsette i staten og kommunane har appellert til stortingspolitikarane om å stoppa han, fordi dei meiner han er for dårleg.

Avtalen vil truleg hamna på bordet til stortingspolitikarane det neste året. Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) har varsla at ho i haust vil senda ut eit høyringsnotat.

- God ordning

Leiar i arbeids- og sosialkomiteen, Frps Erling Wiborg, avviser at det kan bli aktuelt å stoppa avtalen frå Stortinget si side.

- Når alle partar har forhandla og kjem fram til eit forhandlingsresultat som også har vore godkjent i fleire uravstemmingar blant dei det gjeld, hadde det vore veldig spesielt om Stortinget skulle stoppa det, seier Wiborg til NTB.

- Den nye pensjonsavtalen sørgjer for at arbeidstakarar kan sikrast god pensjon sjølv om ein har levealdersjustering. Utan den framforhandla avtalen ville tilsette kome dårlegare ut. Han sikrar også at det blir lettare å veksla på å arbeida i privat og offentleg sektor, og at offentleg tilsette kan kombinera løn og pensjon, noko privat sektor har hatt høve til i fleire år, seier han.

- Uroa for slitarane

Også dei raudgrøne partia er skeptiske til å skulle endra på ein avtale som alle partane har blitt samde om.

SVs representant i arbeids- og sosialkomiteen, Solfrid Lerbrekk, seier det er vanskeleg å gjera noko med sjølve avtalen, men seier partiet vil kjempa for dei som blir taparane i avtalen.

Avtalen har særleg blitt kritisert for at han vil gi ein svært dårleg pensjon til tilsette som ikkje klarar å stå lenger i jobb enn til 62-63 år.

- Vi er uroa for slitarane, men vi meiner det er levealdersjusteringane vi må gjera noko med, for dei er rota til problemet, seier Lerbrekk til NTB.

Levealdersjusteringane, som blei vedtekne av Stortinget i 2009, inneber at kvart årskull må arbeida lenger for å få utbetalt like mykje i pensjon. Dette fordi berekna levealder er venta å auka for kvart årskull.

- Det får ekstremt urettferdige utslag, når vi veit at personar med høgare utdanning i snitt lever ti år lenger enn tilsette i typiske slitaryrke, seier Lerbrekk.

Ho strekar under at SV ikkje er imot levealdersjusteringane, men meiner dei må leggjast om.

Uroa for auka forskjellar

Sps representant i arbeids- og sosialkomiteen, Per Olaf Lundteigen, seier Sp også har eit ønske om å slutta opp under den nye pensjonsavtalen i Stortinget, men strekar under:

- Prinsipielt er avtalen til organisasjonen med staten ei førebuing til behandlinga til Stortinget, og Stortinget må heile tida stå fritt til å gjera prioriteringane sine. Vi kjem til å gå grundig inn i saka når ho kjem til Stortinget, seier han.

Han seier Sp er uroa for at inntektsforskjellane mellom pensjonistane skal auka for mykje i takt med eit pensjonssystem som premierer dei som klarar å stå lenge i jobb, og straffar dei som ikkje klarar det.

- Folketrygda og statspensjonane er ein del av norsk fordelingspolitikk, så dette er i høgste grad eit politisk spørsmål, seier han.

- Gullpensjon for dei få

Offentleg tilsette som mobiliserte mot avtalen i vår, appellerer likevel til stortingspolitikarane om å ta pensjonsgrep.

- Ordninga som politikarane no får på bordet, kjem til å gje store økonomiske skilnader mellom pensjonistar i Noreg. Politikarane må ta innover seg at dette ikkje er sosialt berekraftig, uttalte Jorunn Folkvord i organisasjonen Forsvar offentleg pensjon til NTB måndag.

(©NPK)

Fleire parti er uroa for pensjonistane i framtida. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix.