Annonse

Bekymringsmeldinga mot Giske blir ikkje behandla vidare

Arbeidarpartiet kjem ikkje til å gjere noko meir med bekymringsmeldinga mot Trond Giske etter videoen som vart lagt ut.

Det opplyser partisekretær Kjersti Stenseng til NTB.

- Innhaldet i videoen er undersøkt, og dei som er avbilda, har sjølv uttalt seg om bakgrunn og innhald. Sandlis førespurnad til partikontoret vil ikkje få noko meir formell behandling. Eg viser elles til den konklusjonen valkomiteen i Trøndelag Arbeidarparti har trekt i dag, heiter det i ein skriftleg kommentar frå Stenseng.

Det var Knut Sandli i Fagforbundet som sende ei bekymringsmelding til partiet etter å ha sett videoen der Trond Giske dansar med ei kvinne på ein utestad i Oslo.

(©NPK)

Trond Giske, her under finansdebatten på Stortinget i fjor haust. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix