Klargjør siden...

Belarus hevdar polsk helikopter krenkte grensa

Styresmaktene i Belarus hevdar eit polsk helikopter flaug inn over territoriet i landet.

– Det polske militære Mi-24-helikopteret kryssa grensa i svært låg høgd, flaug 1.200 meter inn i Belarus og snudde deretter, skriv den belarusiske grensekomiteen i ei fråsegn fredag.

Utanriksdepartementet i landet seier det har kalla inn den polske chargé d'affaires og kravd ei forklaring på hendinga.

(©NPK)

Annonse