Annonse

Belarus med sterk protest til den ukrainske ambassadøren

Belarusiske styresmakter har kalla inn Ukraina sin ambassadør på teppet etter at ein luftvernrakett landa ved byen Brest vest i landet.

– Ein kraftig protest vart levert i samband med utskytinga av ein S-300 luftvernrakett frå ukrainsk territorium, heiter det i ei melding frå det belarusiske utanriksdepartementet torsdag.

S-300 er ein type luftforsvarsrakett og blir brukt til å skyte ned rakettar og fly. Han vart truleg skoten ut i samband med at Ukraina torsdag endå ein gong vart ramma av ei rekkje russiske rakettangrep.

Det var ein liknande luftvernrakett som slo ned i Polen i november.

(©NPK)

Annonse