Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-TT): I kjølvatnet av Nice-angrepet trappar belgiske styresmakter opp tryggleiken i Brussel under feiringa av nasjonaldagen i landet.
npk@npk.no
Publisert: 20.07.2016 kl 09:32
Det blir fleire avsperringar i Brussel enn tidlegare torsdag, og det blir også innført parkeringsforbod i store delar av hovudstaden. Samtidig opplyser innanriksminister Jan Jambon at politiet har kalla inn nødvendige forsterkingar for å avvikla feiringa torsdag.
Politisjefen i Brussel har bede folk la sekker og vesker bli liggjande att heime, skriv avisa Le Soir. Vidare har eitt arrangement blitt avlyst, eit arrangement der politi skulle opptre. Årsaka til avlysinga er at det var behov for å ha politifolka i vanleg teneste.
Feiringa torsdag kjem éi veke etter angrepet i franske Nice, der minst 84 menneske blei drepne og 302 såra då ein lastebil køyrde inn i ei stor folkemengd på hamnepromenaden.
Feiringa kjem også rundt fire månader etter at 32 menneske blei drepne i angrep mot flyplassen og undergrunnsbanen i Brussel – angrep som IS tok på seg skulda for. (©NPK)