Klargjør siden...

Belgisk siger i Vueltaen

(NPK-NTB): Belgiske Gianni Meersman var sterkast i avsluttinga og vann den femte etappen av Vuelta a España onsdag.

Den 170 kilometer lange etappen frå Viveiro til Lugo enda med spurt i eit sterkt redusert felt. Der hadde Meersman mest å gi. Han vann framfor franske Laurent Didier.

Avsluttinga på etappen vart dramatiske med fleire stygge velt. Sven Erik Bystrøm var éin av mange syklistar som måtte i bakken. Nordmannen såg ut til å reise seg uskadd.

Belgiske Philippe Gilbert og australske Simon Clarke prøvde å stikke frå hovudfeltet i den siste korte stigninga, men fekk ikkje det nødvendige forspranget.

Portugisiske Tiago Machado, lagkamerat med Alexander Kristoff i russiske Katjusja, stakk av garde i brot allereie frå start på etappen. Med seg fekk han franskmannen Julien Morice. Duoen hadde på det meste nesten sju minutts forsprang til hovudfeltet, som likevel hadde god kontroll på utbrytarane.

Med til historia høyrer det også at Machado akselererte frå Morice med rundt 75 kilometer igjen. Portugisaren prøvde seg i eit solobrot i avsluttinga, men med ei dryg mil igjen å sykle vart Machado innhenta.

Nokre sekund vart det også mellom dei store samanlagtfavorittane onsdag, men dei mange velta fører truleg til at alle får same tid. Colombianske Darwin Atapuma forsvarte dermed leiartrøya. Han har 29 sekund forsprang til den spanske veteranen Alejandro Valverde. Chris Froome følgjer deretter – ytterlegare fire sekund bak.

Vegard Stake Laengen er beste nordmann i samandraget. Han er 19 minutt og 25 sekund bak leiande Atapuma. (©NPK)

Annonse